Bilde av reiseleder Inger Bakke Berge og Arne Berge

Inger Bakke Berge og Arne Berge

Inger Bakke Berge og Arne Berge bur på Bryne. Arne er sokneprest i Hinna i Stavanger. På fritida er han kretsleiar i Stavanger krets av Den Norske Israelsmisjon. Han er svært interessert i bibelsk geografi og historie. Inger er kulturskulelærar (musikk) og tekstilkunstnar. Dei har reist mykje saman i Israel og dei palestinske områda. Dei er også i gang med pilegrimsvandring frå Le Puy i Frankrike i retning Santiago de Compostela i Spania.