Bilde1

Fellesskapstur til Israel
Landet der det skjedde!

Avreisedato

19.10.2017

Varighet

9 dager

Pris fra

20 770,-

Fulltegnet

Fellesskapstur til Israel

Med Bibelen som reisehandbok skal vi saman oppleve at bibelforteljingane vert levande for oss. Vi skal vandre i Jesu fotspor, sjå heilage stadar og moder-ne storbyar, oppleve naturvandring og ørken, kunne bade både i oase og det salte hav, og ha fellesskap med kvarandre gjennom ei reise som er ei investe-ring for livet. Vi byrjar ved Middelhavskysten, fortset til Galilea, vidare til Judea ørkenen og Dødehavet før vi avsluttar i Jerusalem. Den norsktalande guiden Eva (Chava) Haugen vert med oss på reisa. Velkomen med på Fellesskapstur til landet der det skjedde!

Bilde2

Dag 1

Torsdag 19. okt.: Utreisedag, Norge - Israel

Velkomen med på Israelstur! Vi reiser med British Airways frå Bergen via London til Tel Aviv. På Ben Gurion Flyplass ved Tel Aviv vert vi møtt av vår guide og sjåfør som tek oss til vårt hotell i Netanya ved Mid-delhavskysten.

Bilde3

Dag 2

Fredag 20. okt.: Cæsarea, Haifa, Nasaret og til Tiberias

Vi startar reisa vår med å besøke det bibelske Cæsarea ved havet, som ligg berre ein liten køyretur frå Netanya. På Jesu tid hovudsete for roma-rane. Her budde Pontius Pilatus, hit kom Peter for å forkynne evangeliet for Kornelius og her sat Paulus fanga. Vi ser utgravingane og besøker teateret som fortsatt vert brukt til konsertar og førestillingar. Så fortset vi nordover langs kysten til Israels tredje største by; Haifa. Her besøker vi Beit Eliahu, ei av dei største messianske forsamlingane i landet og vi håper å få til eit møte med pastor Samuel Aweida.

Siste stopp for dagen vert Jesu barndoms by Nasaret, kor vi besøker Midt-Østens største kyrkje, som er bygd over staden der Maria budde og fekk bodskapen om at ho skulle føde verdas Frelsar. Etterkvart kjem vi fram til Tiberias ved Genesaretsjøen, kor vi skal bu dei neste dagane.

Bilde5

Dag 3

Laurdag 21. okt.: Ved og på Genesaretsjøen 

I dag skal vi vandre i området der Jesus virka aller mest. Vi starta med å besøke Kapernaum, Jesu eigen by, som var senter og base for Hans virke i Galilea. Vi køyrer vidare til høgda der Han held sin Bergpreike; Salig-prisningenes berg. Så går vi ned til sjøkanten og staden som heiter Mensa Christi (Krist bord) i Tabgha, området kor Han kalla dei fleste av sine læresveinar og kor Han m.a. utførte brødunderet. Her minnast vi fiske-fangsten og Jesu tredje møte med læresveinane etter oppstoda. Dagen vert avslutta med båttur på Gennesaretsjøen (Søndagsskulesjøen).

Bilde6

Dag 4

Søndag 22. okt.: Nord-Galilea og Golan

Vi startar dagen i Maria Magdalena sin heimby; Magdala. Her har det dei siste åra vorte gjort spennande arkeologiske funn, m.a. ei vakker sy-nagoge frå Jesu tid. Så køyrer vinordover i Hula dalen, dette grøderike området som tidlegare var sumpområder. Vi køyrer til naturparken Ba-nias som ligg i området der bibelske Cæsarea Filippi låg, kor Peter kom med sin mektige proklamasjon; Du er Messias, den levande Guds son. Her legg vi ut på ein times naturvandring, langs Banias kjelda til Israels største fossefall. Etterpå fortset vi langs den libanesiske grensa og køyrer opp på Golan høgda. Vi et lunsj i ein av drusarbyane som ligg her og be-søker etterkvart vulkanhøgda Har Bental, ein nedlagd militærpost, kor vi ser langt inn i Syria. Dette er ein dag som verkeleg gir oss eit innblikk i den politiske situasjonen i området og kva Golan tyder for Israel i dag.

Bilde7

Dag 5

Måndag 23. okt.: Frå Galilea til Dødehavet

Vi forlèt det frodige Galilea og set kursen mot Dødehavet. Vegen går gjennom Jordandalen på grensa til kongeriket Jordan. Fyrste stopp vert i oasen Sachne, som året rundt held 27 grader i vatnet. Så stansar vi på dåps staden Qaser ElYehud, som ligg like ved Jeriko. Her i området var det døyparen Johannes virka, og i dette området var det Jesus vart døypt. Så vert det besøk i verdas eldste by; Jeriko, kor vi ser Elisas brønn, Jerikos murar og utsikten mot Freistingas berg. Og her minnast vi òg Sakkeus og Bartimeus sine møter med Meistaren. Etter kvart er vi fram-me ved vår neste overnattings stad ved Dødehavet. Vi er på verdas lågaste stad, meir enn 415 m under havet, og skal få oss eit bad vi aldri gløymer. Vi flyt nemleg som kork i det salte vatnet. Dødehavet inneheld heile 33 % salt og i tillegg har havet mange andre mineraler som saman gjer det til ein av dei mest helsebringande stadar i verda.

Bilde8

Dag 6

Tyrsdag 24. okt.: Frå Dødehavet til Jerusalem; Oljeberget, Getsemane

Vi kosar oss ved Dødehavet på føremiddagen før vi set kursen mot Jerusalem. Undervegs besøker vi fjellborga Masada og får høyre den sterke historia om dei jødiske selotane som ofra livet i staden for å hamne i romaranes hender etter Jerusalems fall i år 70-73. Og vi stansar i Qumran, kor dei berømte Dødehavsrullane vart funne i nokre grotter. Så startar vi oppstigninga mot Israels hovudstad Jerusalem. 800 meter over havet ligg byen som er i verdas sentrum og den mest omtala by i verda, den byen kong David gjorde til hovudstad for over 3000 år sidan. Vi køyrer rett opp til Oljeberget, med fantastisk utsikt over byen. Her kom Meistaren sjølv ridande på eit esel og vi skal vandra i Hans fotspor nedover mot Getsemane hagen, kor vi minnast Jesu bønekamp. Etterpå køyrer vi til vårt hotell i hjarta av byen, hotell Prima Kings.

Bilde10

Dag 7

Onsdag 25. okt.:Betlehem og Gamlebyen

I dag skal vi besøke Jesu fødeby Betlehem, som ligg vel 10 km frå Jerusalem. Her valde Gud å tre inn i verda som Menneskesonen. Vi besøker Fødselskyrkja som er bygd over staden der Jesus vart født og Hyrdemarkane der englane synte seg for gjetarane. Så vender vi tilbake til Jerusalem. Vi køyrer til Løveporten og går inn til St. Anna kyrkja, ved Bethesdadammen, korsfararkyrkja som er bygd til minne om Jesu mormor. Her vert kyrkjelydssongen løfta til nye høgder i kyrkjas fantastiske akustikk! Vi går så delar av lidingas veg; Via Dolorosa fram til Gravkyrkja. Så vert det tid i basargatene.

I kveld skal vi tilbake til gamlebyens murar og sjå det fantastiske «Night Spectacular Show» på Jerusalems murar, historia til byen og landet vi besøker.

Bilde11

Dag 8

Torsdag 26. okt.: Yad Vashem, Davidsbyen, Hiskia tunnelen og Vestmuren

I dag besøker vi Holocaust museet Yad Vashem, ein sterk minnestad over dei meir enn 6 millionar jødar som vart utrydda under 2. verdskrig, av dei 1,2 mill. born. Så køyrer vi tilbake til Øst-Jerusalem og besøker Davidsbyen; Davids Jerusalem. Herifrå kan vi gå til Hiskia tunnelen som kong Hiskia fekk laga ca. 700 f.Kr., for å binde saman Gihonkjelda og Siloadammen. Den er 50-70 cm brei og vi går i vatn som rekk opp til låret på det djupaste. Dagen vert avslutta ved jødanes heilagaste stad; Vestmuren eller Klagemuren. Dette er delar av muren kring Tempelet som eingong stod her. Det vart øydelagt i år 70 e. Kr. I dag er det muslimanes tredje viktigaste moské, Al Aksa moskeen og den gullfarga Klippedomen som ligg på Tempelplassen.

Temareise Jerusalem24

Dag 9

Fredag 27. okt.: Gravhagen og heimreisedag

Vi avsluttar reisa vår med nattverdsamling i Gravhagen ved Gordons Golgata. Denne vakre, fredfylte hagen med ei tom grav.

Så er det tid for å seie på gjensyn til Israel for denne gong; Shalom v’lehitraot (fred og på gjensyn), og vår buss og guide tek oss til Ben Gurion flyplass for heimreise med direktefly til Norge. Hjarteleg takk for turen!

Priser og betingelser

Pris fra 20 770,-

Tillegg for enkeltrom: kr. 5250,-

Vi har begrensa antall plassar på turen. Turen vert fylt opp fortløpande. På grunn av strenge reglar frå flyselskapa, må vi ha inn påmeldingar så tidleg som
muleg. Ved seine påmeldingar kan vi ikkje garantera plass på turen. Prisane er gitt på gjeldande prisar og valtuakursar (januar 2017). Vi tek atterhald om programendringar og at det meldar seg nok deltakarar til å gjennomføra turen. Vi tek også atterhald om endringar i valutakurser, devaluering e.l. Det same gjeld uforut-satte avgiftsøkningar, nye skattar eller liknande. Praktiske opplysningar og informasjon vert sendt alle påmeldte i god tid før avreise.

Prisen inkluderer

  • Flybillett Bergen—Tel Aviv med British Airways inkl. flyavgifter,
  • Tel Aviv—Bergen med direktefly inkl. fly-avgifter,
  • heile rundreisa med alle utflukter etter programmet,
  • Opphold i dobbeltrom på turistklassehotell,
  • Halv-pensjon dvs. frukost og middag, inngangsbilletter til alle besøksstadar slik det framgår av dagsprogrammet. Norske reiseleiarar, norsktalende guide

Prisen inkluderer ikke

Enkeltromstillegg, andre måltider, drikke til maten, tips til hoteller, guide og sjåfør på USD 75, Reiseforsikring, og Avbestillingsforsikring

  • Betingelser for denne turen

    Avbestillingsvilkår D Plussreiser

    Denne turen har følgende avbestillingsregler.

    • • Avbestilles turen innen 90 dager før avreisedato, belastes et gebyr på kr. 500,-
    • • Avbestilles turen mellom 89 dager og 66 dager før avreisedato, tilbakebetales ikke depositum
    • • Avbestilles turen mellom 65 og 36 dager før avreise, kreves 30 % av turprisen
    • • Avbestilles turen mellom 35 dager og 15 dager, kreves 50 % av turprisen
    • • Avbestilles turen mindre enn 15 dager før avreise, eller ved manglende frammøte avreisedagen, kreves 100% av turprisen inn. Det samme gjelder dersom man mangler de nødvendige papirer for å delta på hele reisen.

    Disse reglene gjelder selv om den påmeldte ikke har betalt inn depositum/turpris. PLUSSREISER kan da fakturere dette i ettertid.

    Generelle vilkår:

    PLUSSREISER sine vilkår baserer seg på”Lov om pakkereiser” av 01.07.2018, samt ”Alminnelige vilkår for pakkereiser” utarbeidet av Virke Reise Utland og Forbrukerombudet gjeldene fra 01.01.15.

    PLUSSREISER forplikter seg til å gjennomføre turene etter de oppsatte program så langt det er praktisk mulig. Ved uforutsatte hendelser, eller «force majeure» kan det bli aktuelt å foreta programendringer som for eksempel omlegging av reiserute, bytt av transportmiddel, overnattingssted, endring av turteam, droppe severdigheter/besøkssted o.l. PLUSSREISER kan avlyse turen/avgangen dersom det blir for få påmeldte. Dette bestemmes ca 5 uker før avreise.På reiser i andre verdensdeler kan det forekomme endringer i programmet pga kulturelle forskjeller.

    Den reisende har plikt til å selv sette seg inn i vilkår og informasjon tilsendt fra turoperatør.

    Påmelding og betaling

    Påmelding skjer via vår hjemmeside eller ved å kontakte PLUSSREISER sine kontor eller til våre bestillingsagenter i Haugesund og Stavanger.

    Du regnes som påmeldt når din bestilling har nådd oss. Om du ønsker å trekke deg fra en tur gjelder generelle avbestillingsregler selv om du ikke har betalt inn depositum/turpris.

    Etter påmelding vil kunden motta en bekreftelse med en todelt faktura fra PLUSSREISER.

    Forbehold om prisendringer

    Turprisen gjelder de ytelser som er oppsummert i fakta om turen. Prisen er kalkulert med de valutakurser som var gjeldende ved produksjon av turen. Dersom det blir vesentlige forandringer i valutakursene, devaluering el.l. forbeholder vi oss retten til å justere prisene. Det samme gjelder uforutsatte avgiftsforhøyelser, nye skatter, endring av flyskatter eller lignende.

    Avbestillings- og reiseforsikring

    Alle reisende må ha reiseforsikring. Den reisende er selv ansvarlig for å tegne de forsikringer som ønskes. Vi anbefaler alle å tegne en avbestillings-forsikring i tillegg til selve reiseforsikringen.

    Avbestillingsforsikring kan bestilles hos Plussreiser ved påmelding og betales samtidig med depositumet. Avbestillingsforsikring kan ikke etterbe-stilles etter at depositumet er innbetalt. Den blir ikke refundert ved avmelding.

    Pris for avbestillingen er 5% av turprisen, minimum kr 500,-

    - Forsikringen dekker fri avbestilling ved sykdom/død hos den reisende selv, personer i hans/hennes husstand eller nærmeste familie (dvs. ektefelle, samboer, foreldre, barn, svigerforeldre eller søsken). Dette må bekreftes med legeattest som må fremlegges senest 1 måned etter avreisedagen.

    Pass

    Vær oppmerksom at på reiser utenom Schengen/EU må være gyldig i minst 6 måneder etter hjemreisedato. Vi forholder oss til visumregler for norske statsborgere i våre programmer. Hvis du ikke reiser med norsk pass, må du selv sjekke visumregler for ditt statsborgerskap til aktuelt reise-mål.

    Diverse

    Alle deltagere må kunne håndtere sin egen bagasje og kunne reise uten assistanse underveis. Spesielle behov må opplyses ved påmelding

    Klager

    Dersom noen ønsker å fremsette klage, må dette gjøres umiddelbart til reiseleder. I tillegg må det sendes skriftlig begrunnet klage til PLUSSREISER v/daglig leder, innen fire uker etter hjemkomst.

    Vi tar forbehold om trykkfeil i turprogrammet.